Mangel på nasjonale retningslinjer innan psykiatri

    ()

    sporsmal_grey_rgb
    Artikkel

    Helsedirektoratet prioriterer ikkje å oppdatere nasjonale retningslinjer. Det burde det bli ei endring på.

    Helsedirektoratet har i laupet av dei to siste åra avpublisert nasjonale faglege retningslinjer for depresjon, bipolar liding og psykose med begrunninga at dei var «utdaterte» (1–3). Det finst ikkje nokon konkret plan for å utgi nye.

    Alvorlege psykiske lidingar har stor innverknad på pasientane og deira pårørande. Målt i helsejusterte leveår (DALY) i Noreg er det kun svulstar som gir høgare byrde enn psykiske lidingar (1). Schizofreni og depresjon er begge på lista over topp ti sjukdomar med høgast helseutgifter, og for unge og middelaldrande utgjer psykiske lidingar og rus om lag halvparten av utgiftene (2). Riktig og effektiv behandling er difor avgjerande for å sikre best mogleg forlaup for pasientane.

    Walter Gramatté, "The Great Anxiety" (Selvportrett i trekvartprofil til høyre), 1918. National Gallery of Art (gave fra…
    Walter Gramatté, "The Great Anxiety" (Selvportrett i trekvartprofil til høyre), 1918. National Gallery of Art (gave fra Christopher og Beverly With til minne om Karl og Gerda With. Creative commons / CC0.
    Nasjonale faglege retningslinjer

    Nasjonale faglege retningslinjer

    Helsedirektoratet har fått mandatet til å gi ut nasjonale faglege retningslinjer (3). Desse er normerande og uttrykk for kva som er fagleg god praksis. Hensikta er blant anna å sikre at behandlinga har god kvalitet og at det ikkje førekjem uønska variasjon i tenestetilbodet. Med dette som bakteppe er det til å undre seg over at ikkje Helsedirektoratet sjølv problematiserer mangelen på retningslinjer i større grad.

    Det er til å undre seg over at ikkje Helsedirektoratet sjølv problematiserer mangelen på retningslinjer i større grad

    På Helsedirektoratet sine sider er det 521 treff under «Nasjonale anbefalinger og krav» (4), men det er vanskeleg å få oversikt over kor mange retningslinjer som er avpubliserte eller som manglar. Eit felt utan nasjonale retningslinjer er behandling av pasientar med hjarteinfarkt med ST-elevasjon (STEMI). I ei pågåande tilsynssak som omhandlar dette, har Statsforvaltaren i Nordland gjort anbefalingar i ei internasjonal retningslinje til eit absolutt krav for å fastsetje kva som er fagleg forsvarleg behandling (5). Dette har vekt sterke reaksjonar i fleire miljø (6). Når det manglar nasjonale føringar for behandling, blir det i større grad opp til den einskilde klinikar å vurdere kva som er fagleg god praksis. Dette harmonerer dårleg med utfallet i nemnde sak.

    Normerande behandlingsretningslinjer gir større føreseielegheit for klinikarar, pasientar og pårørande. Det gjer det også lettare for pasientar og pårørande å orientere seg og medverke i samvalg av behandling.

    Ei lokalt utarbeidd retningslinje vil ikkje ha same faglege autoritet som ei utgitt av Helsedirektoratet, nettopp fordi det er så eksplisitt uttalt at det kun er Helsedirektoratet som har eit slikt mandat

    Eit tverrfagleg miljø har i fleire år forsøkt å få Helsedirektoratet til å oppdatere den nasjonale rettleiaren for behandling av osteoporose (7). Helsedirektoratet ønsker imidlertid ikkje å prioritere det, og oppmodar i staden fagmiljøa til å lage kunnskapsbaserte retningslinjer sjølv. Fagmiljøa har utvilsamt mykje kompetanse og er nærast på pasienten som mottek behandling, men i tillegg til å vere eit ressursspørsmål kan fagleg usemje i miljøet eller spørsmål om prioritering av ressursar gjere denne løysinga vanskeleg. Ei lokalt utarbeidd retningslinje vil heller ikkje ha same faglege autoritet som ei utgitt av Helsedirektoratet, nettopp fordi det er så eksplisitt uttalt at det kun er Helsedirektoratet som har eit slikt mandat.

    Konsekvensar innan psykisk helsevern

    Konsekvensar innan psykisk helsevern

    I mitt eige fagfelt finn eg det krevjande å forhalde meg til dobbeltkommunikasjonen frå tilsynsmyndigheitene. På den eine sida seier dei at fagpersonar kan utarbeide retningslinjer sjølv og at dei har stor lit til det kliniske skjønnet vårt. Men når Statsforvaltaren handsamar klager på tvangsmedisineringsvedtak etter lov om psykisk helsevern, vises det i stor grad til retningslinjer, inkludert internasjonale, når dei setjer lista for fagleg forsvarleg behandling. Eit vedtak tufta kun på psykiateren si kliniske vurdering kan fort bli underkjent og oppheva, er mi erfaring. Nasjonale retningslinjer minskar usikkerheit kring behandlingsval og kan også redusere uønska variasjon mellom behandlingsstader.

    Nasjonale retningslinjer minskar usikkerheit kring behandlingsval og kan også redusere uønska variasjon mellom behandlingsstader

    Når Helsedirektoratet nedprioriterer å oppdatere behandlingsretningslinjene for tre av dei største diagnosegruppene innan psykiatri, oppfattar eg det som eit sterkt signal med negativ valør. Men forhåpentlegvis tek eg feil.

    Helsedirektoratet bør vere bevisst sitt ansvar og snarast oppdatere viktige nasjonale retningslinjer, inkludert dei for psykiske lidingar. Det er minst like viktig at behandlinga er av god kvalitet for depresjon, bipolar liding og psykose som for brystkreft, digital heimeoppfølging og kosthald (4).

    Kommentarer  ( 0 )
    PDF
    Skriv ut
    Kommenter artikkel

    Anbefalte artikler