Sjukehusfarty
Hospitaldelen må ha ekspedisjon, venterom, mottaking, undersøkingsrom, laboratorium, digitalt røntgenutstyr, innleiingsrom for narkose, oppvakningsrom, intensivrom, skyljerom, lager, to operasjonsstover og seks femsengsrom med dusj og toalett. Ved utskifting av sengene med militære bårestativ kan kapasiteten bli tredobla til 90. Dessutan kan fartyet ha lagra om bord eit modulsjukehus av typen Norhosp med 50 senger til oppsetting på land i oppblåsbare telt.
Fartyet må vere havgåande, bunkerskapasiteten må tillate havkryssing, og det må vere utstyr til framstelling av ferskvatn frå sjøvatn.
Ved sida av lugarar for mannskap og sanitetspersonell må det vere vaskeri, kjøle- og frysekapasitet, bysse, penteri, og messe.
Idealfartyet må ha helikopterlandeplass, vere gasstett og ha nedspylingsutstyr for å kunne meistre nedfall av radioaktivt materiale samt kjemiske og biologiske stridsmiddel lenge nok til å kunne flytte seg til reint område. Eit slusesystem med reinsestasjon til å ta inn kontaminerte pasientar bør óg inngå. Slik kapasitet eksisterer ikkje her i landet, i motsetnad til i Sverige. Ved ulukker i kjemisk industri eller ved transportulukker med farleg materiale kunne ein slik kapasitet vere verdfull også i fredstid, om det skjedde i nærleiken av der fartyet opererte.
Der bør vere trykkammer om bord til både akutt og elektiv hyperbar oksygenbehandling. Hyperbarmedisinsk kapasitet finst ikkje mellom Bergen og Harstad, og det er berre to sjukehus her i landet som har trykk-kammer. Trykkammer manglar óg dei fleste stader det kan verte aktuelt å setje inn fartyet i internasjonale operasjonar.
Dersom det vert aktuelt med dykking i samband med utvinning av olje og gass frå kontinentalsokkelen i nord, må det finnast høveleg hyperbarmedisinsk beredskap i nærområdet. Slik finst no berre i Bergen.
Fartyet må óg ha telemedisinsk kapasitet, slik at personellet om bord kan få eksperthjelp innafor alle medisinske område, same kvar i verda fartyet er stasjonert.