Lawrence – nobelprisvinnar med røter i Lom
Doktorgradsavhandlinga til Rolf Widerøe frå 1927 (2) vart lagt merke til av ein nyutnemnd professor ved Berkeley-universitetet i California, Ernest Lawrence. Han kunne lite tysk, men forstod prinsippteikningane og vart inspirert til det som vart hans gjennombrotsidé: syklotronen.
Ernest Orlando Lawrence (1901–58) var fødd i prærielandsbyen Canton i Sør-Dakota (8) . Han hadde norske anar, og namnet Lawrence er nok ei avleiing av namnet Lavrans. Besteforeldra på farssida var frå garden Bringa i grenda Mandal i Seljord, på morssida var dei frå Lom. Mora til Lawrence var tremenning med Knut Hamsun (1859–1952). Begge stamma frå grenda Garmo i Lom, Hamsun frå plassen Garmostrædet, besteforeldra til Lawrence frå naboplassen Garmosøygard (9) . Den eine familien reiste til Nord-Norge, den andre til Nord-Amerika.
Begge vart genierklærte og vart verdskjende med innverknad på folk og samfunn langt ut over si samtid. Den eine fekk nobelprisen i litteratur, den andre i fysikk. Begge stod for både det konstruktive og det destruktive. Lawrence fann opp syklotronen, som la grunnlaget for moderne kreftbehandling, men også anriking av uran som førte til atombomba, kan hende den mest destruktive av alle oppfinningar. Hamsun fornya verdslitteraturen, men var samtidig ein beundrar av Hitler og nazismen og fekk landssvikdom.
Ernest Lawrence gjorde ein fenomenal karriere. Utdanninga si fekk han ved universitetet i Sør-Dakota og i Minnesota. Han tok doktorgrad i fysikk ved Yale i 1925 og vart i 1928 den hittil yngste professoren ved Berkeley-universitetet i California.
I 1929 kom han fram til eit sirkelforma akseleratorkammer mellom polane på ein elektromagnet. Resultatet vart den fyrste syklotronen – den som har gjort protonstråling mogleg (10) . Han bygde stadig større syklotronar. Saman med bl.a. broren John (1904–91) begynte han utviklinga for å bruke radioaktive isotopar laga i syklotronen til terapeutiske føremål, spesielt mot kreft (11) . Det fyrste dei greidde å lage var eit radioaktivt fosfor som vart brukt mot leukemi og mot overproduksjon av raude blodceller. Etter kvart utvikla dette seg til bruk av isotopar mot andre former for kreft, til stor hjelp for kreftpasientar som har nytte av stråling.
Etter utbrotet av den andre verdskrigen vart Lawrence dradd med i militære prosjekt. Med teamet sitt utvikla og forbetra han elektromagnetisk separasjon. Han var svært sentral i prosessen som separerte U-235 frå U-238, der prinsippet frå syklotronen vart brukt. U-235 er den uranisotopen som kunne brukast som brensel i kjernereaktorar til produksjon av elektrisk kraft eller til å framstille atomvåpen. Det konsentrerte uranet vart brukt av Manhattan-prosjektet til å lage atombomba. Manhattan-prosjektet var eit samarbeid mellom USA, Canada og Storbritannia ved Los Alamos-laboratoriet i New Mexico, leia av Robert Oppenheimer (1904–67). Oppenheimer konstruerte bomba og er blitt kalla «atombombas far» (12) , men Lawrence hadde gjort forarbeidet og var rådgjevar.
Figur 4 Garmosøygarden og Garmostrædet i Lom. Det er ca 1200 meter i luftline mellom desse plassane. Foto: norgeskart.no
Oppfinninga av syklotronen og bruken av den i kampen mot kreft gav Lawrence nobelprisen i fysikk i 1939. Det hadde gått ti år før fagmiljøet forstod kor stort gjennombrot dette var. Grunnstoff nr. 103, lawrencium, er oppkalla etter han og den største bygningen ved Berkeley-universitetet heiter Lawrence lab. Ernest Lawrence døydde i 1958, berre 57 år gammal.
Oppfinninga av syklotronen og bruken av den i kampen mot kreft gav Lawrence nobelprisen i fysikk i 1939
I 1952 var Lawrence med på å etablere Lawrence Livermore National Laboratory, nokre mil frå Berkeley, som er direkte underlagt det amerikanske energidepartementet. Der vert det forska på fusjonskraft, den same typen kraft som sola har. Merkedagen 5. desember 2022 greidde forskarar ved laboratoriet for fyrste gong å få meir energi ut av ein såkalla kontrollert fusjonsreaksjon enn energien som var sett inn for å få reaksjonen i gang (13) . Ein reaktor for forureiningsfri fusjonskraft ligg svært langt inn i framtida, om nokon gong. Men teoretisk er fusjonskraft det som kan berge verda ut av energikrisa – og dermed andre kriser.