Takk som set fokus på dei alvorlege ringverknadane ved ufin kommunikasjon mellom legar. At dette mange stader fortsatt er (u)kultur, viser eit behov for kunnskap og trening i det motsette! Ein kommunikasjon- og vegleiingsrevolusjon. Det er mogleg å lære (og lære meir!) gjennom oppbyggande vegleiing og gjennom å skape psykologisk tryggleik.
Psykologisk tryggleik inneber at ein i ei gruppe, kan stille spørsmål, be om hjelp, erkjenne feil og dele uferdige tankar utan frykt for negative konsekvensar (1). Det er sterkt knytt til læringsåtferd, prestasjon og innovasjon og er i helsevesenet vist å auke rapportering av uønskte hendingar og betre pasientbehandling.
Mykje arbeid har blitt lagt ned i oppdaterte vegleiingskurs både i spesialist- og primærhelsetenestene (t.d. ved ALiS- og SamLiS-kontora). I grunnutdanninga ved NTNU, forsøker vi i lege-pasient-kurset å bygge kompetanse om ferdighetsretta tilbakemelding og også psykologisk trygging for 1. og 2. års-studentar, studentvegleiarar (4.-6. år) og lektorar (fastlegar som vegleier 1.-2. årsstudentane i allmenpraksis) (2). Slik vonar vi å legge til rette for å trygge studentane og stø dei til å bli robuste legar, i møte med medisinsk usikkerheit, som òg har vore mykje diskutert i Tidsskriftet i 2025.
Litteratur: 1. Edmondson AC. The fearless organization: creating psychological safety in the workplace for learning, innovation, and growth. Hoboken, New Jersey: Wiley, 2019. 2. Thyness C. Medical students' experiences with supervised patient encounters [dissertation]. Trondheim: Norwegian University of Science and Technology; 2024. https://hdl.handle.net/11250/3164286
Vegleiingsrevolusjon
Takk som set fokus på dei alvorlege ringverknadane ved ufin kommunikasjon mellom legar. At dette mange stader fortsatt er (u)kultur, viser eit behov for kunnskap og trening i det motsette! Ein kommunikasjon- og vegleiingsrevolusjon. Det er mogleg å lære (og lære meir!) gjennom oppbyggande vegleiing og gjennom å skape psykologisk tryggleik.
Psykologisk tryggleik inneber at ein i ei gruppe, kan stille spørsmål, be om hjelp, erkjenne feil og dele uferdige tankar utan frykt for negative konsekvensar (1). Det er sterkt knytt til læringsåtferd, prestasjon og innovasjon og er i helsevesenet vist å auke rapportering av uønskte hendingar og betre pasientbehandling.
Mykje arbeid har blitt lagt ned i oppdaterte vegleiingskurs både i spesialist- og primærhelsetenestene (t.d. ved ALiS- og SamLiS-kontora). I grunnutdanninga ved NTNU, forsøker vi i lege-pasient-kurset å bygge kompetanse om ferdighetsretta tilbakemelding og også psykologisk trygging for 1. og 2. års-studentar, studentvegleiarar (4.-6. år) og lektorar (fastlegar som vegleier 1.-2. årsstudentane i allmenpraksis) (2). Slik vonar vi å legge til rette for å trygge studentane og stø dei til å bli robuste legar, i møte med medisinsk usikkerheit, som òg har vore mykje diskutert i Tidsskriftet i 2025.
Litteratur:
1. Edmondson AC. The fearless organization: creating psychological safety in the workplace for learning, innovation, and growth. Hoboken, New Jersey: Wiley, 2019.
2. Thyness C. Medical students' experiences with supervised patient encounters [dissertation]. Trondheim: Norwegian University of Science and Technology; 2024. https://hdl.handle.net/11250/3164286