Kommentar

G.S. Braut svarer S. Ore

Geir Sverre Braut
professor emeritus
Interessekonflikt:  Nei

Stephan Ore har fleire gode poeng i kommentaren sin ovanfor.

Dei monokausale årsakskjedene har følgt medisinen sidan bakteriologien vaks fram siste del av 1800-talet. I forståinga av kvifor ytinga av helsetenester av og til sviktar, er slike modellar likevel ikkje like nyttige som det dei har vore gjennom over 100 år for å møta utfordringane med ulike typar sjukdommar, og då ikkje minst smittsame tilstandar. Det finst nyare undersøkingsmetodar som i alle fall til ein viss grad maktar å fanga opp kompleksitet betre enn det rotårsaksanalysane kan (1). Både helsestyremaktene og dei kliniske miljøa bør derfor vera nysgjerrige på kva ein kan finna i tryggleiksforskinga utanfor helsetenesta.

Etterlysinga frå Stephan Ore av eit tydelegare fokus på det som fungerer, dei ønskja hendingane, er også i samsvar med tendensane i tida i tryggleiksarbeid allment sett. «Safety-I»-teoriane handlar om å auka tryggleiken gjennom å finna årsakene til svikt og å korrigera desse. Det kan vera viktig nok. Men ei utfyllande tilnærming kan vi finna i «safety-II»-teoriane, som handlar om å får ei betre forståing av det som går bra og kvifor det går bra (2). Denne tilnærminga er også svært nær forståinga av kva som ligg i omgrepet «forsvarleg verksemd» slik det er fastsett i lovgjevinga (3).

Likevel har medisinen og helsefaga utfordringar som ein ikkje møter i like stor grad til dømes i tryggleiksarbeidet i industrien og samferdslesektoren. Der kan ein gjerne seia at vi stansar og stengjer ned når vi møter uvisse. Først når uvissa er avklart startar ein opp att. Det kan vi slett ikkje alltid i helsetenesta. I møte med kvar einskild person med mogeleg sjukdom står vi overfor ei grunnleggjande uvisse som vi må møta og handtera (4, 5). Det vil krevja innsats frå klinikarar, forskarar og forvaltarar for å finna fram til undersøkingsordningar som evnar å handtera uvisse på ein meir klok måte enn det vi maktar i dag.

Littertur:
1. Berg SH. Årsaksmodeller og analysemetoder i gransking av uønskede hendelser i helsetjenesten. Michael 2025; 22: 120–34.
2. Hollnagel E. Safety-I and Safety-II. The Past and Future of Safety Management. CRC Press, 2014.
3. Helse- og omsorgsdepartementet. Prop. L. 91 (2010-2011). Lov om kommunale helse- og omsorgstjenester m.m. (helse- og omsorgstjenesteloven. (Side 263ff.) Prop. 91 L (2010–2011) - regjeringen.no Lest 26.2.2026.
4. Simpkin AL, Schwartzstein RM. Tolerating Uncertainty — The Next Medical Revolution? N Engl J Med 2016;375(18):1713-5. doi: 10.1056/NEJMp1606402.
5. Malterud K, Guassora AD, Reventlow S, Jutel A. Embracing uncertainty to advance diagnosis in general practice. Br J Gen Pract 2017;67(659):244-5. doi: 10.3399/bjgp17X690941.

 

Publisert: 03.03.2026