Christensen og Stensdal peikar gjennom kommentaren sin på noko vesentleg når det gjeld å skaffa seg ei gyldig forestilling om risikoforholda innanfor eit tenesteområde, nemleg behovet for å trekkja på ulike datakjelder. Sjølvsagt er pasientane sine røynsler ein inngangsport til denne kunnskapen. Det er slett ikkje alltid at vi finn det store læringspotensialet i dei dramatiske hendingane. Det ligg derimot gjerne i dei daglege utfordringane som både pasientar, pårørande og personellet møter.
I helsetenesta sankar vi inn data i søkk og kav; frå den daglege drifta, i form av rapporterte avvik og ulike tilbakemeldingar frå dei som mottek tenestene og dei ein samarbeider med. Nokre gonger kjem dette i form av meir eller mindre tydelege «hjartesukk», andre gonger gjennom erstatnings- og klagesaker og mediaoppslag. Noko av dette er velstrukturert, men slett ikkje alt. Vi har ikkje lukkast med å byggja opp ei systematisk tilnærming til denne risikoinformasjonen.
Det har dei derimot makta i petroleumsverksemda. I eit kvart hundreår har Havindustritilsynet (tidlegare Petroleumstilsynet) kvart år lagt fram oversyn over risikonivået i den norske petroleumsverksemda, RNNP (1). Dette er eit forskingsbasert, systematisk datasankingsprosjekt. Det byggjer på ulike kjelder, mellom anna frå lovpålagde rapporteringar. Og det inkluderer informasjon om røynslene til dei som har oppgåver innanfor denne næringa. Spørjeskjemakartlegginga i RNNP har visse likskapstrekk med PREM, som Christensen og Stensdal viser til i kommentaren sin.
Tida er overmogen for å få til noko liknande i helsetenesta, og då høyrer sjølvsagt røynslene frå pasientar og pårørande med som grunnlag for gyldige forestillingar om risiko.
G.S. Braut svarer H.M.K. Christensen og L-A. Stensdal

Litteratur:
1. Havindustritilsynet. Hva er Risikonivå i norsk petroleumsvirksomhet (RNNP)? https://www.havtil.no/utforsk-fagstoff/rnnp/hva-er-rnnp/ Lest 10.2.2026.