Villy Våge

    ()

    sporsmal_grey_rgb
    Artikkel
    Foto: Rune Sævig / Bergens Tidende
    Foto: Rune Sævig / Bergens Tidende

    Det er med djup sorg vi tok imot meldinga om at Villy Våge, ein pioner innan norsk fedmekirurgi, gjekk bort første juledag.

    Villy vart fødd 28. januar 1961 og voks opp i grenda Våge i Fjaler. Etter examen artium studerte han medisin ved Royal College of Surgeons i Dublin, der han vart uteksaminert i 1987. Etter heimkomsten til Noreg vart han spesialist i generell kirurgi og i gastroenterologisk kirurgi ved Haukeland universitetssjukehus og arbeidde som overlege ved Førde sentralsjukehus, Voss sjukehus og Haraldsplass diakonale sjukehus. Han disputerte for ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen i 2005.

    Villy var ein pioner innan norsk fedmekirurgi. Dei første forsøka på å etablere fedmekirurgi i Noreg frå 1970-talet og framover hadde mislukkast, og skepsisen i fagmiljøa var stor. I doktorgradsarbeidet sitt viste han at langtidsresultata etter den eldre operasjonsmetoden jejunoileal bypass frå 1970-talet var overraskande gode. Inspirert av desse funna og av etter kvart oppmuntrande internasjonale studiar vart Villy ein sentral pådrivar for oppstart av moderne fedmekirurgi i Noreg.

    I 2001 starta han, saman med kollegaer ved Førde sentralsjukehus, eit fedmekirurgisk tilbod med stor nasjonal betydning. Han tok initiativ til eit lokalt kvalitetsregister som har lagt grunnlag for forsking og betre helsetenester, og vart seinare leiar for Norsk kvalitetsregister for fedmekirurgi (SOReg-N) i Helse Bergen frå det blei oppretta i 2015 og fram til han døydde.

    Villy hadde eit stort fagleg nettverk, nasjonalt og internasjonalt. Men framfor alt var han pasientane sin talsmann og kjempa ustanseleg for retten til god og verdig behandling. «Å oppleve kva ein slik operasjon betyr for eit menneske, er verkeleg stort og rørande», sa han ein gong i eit intervju.

    Vi har mista ein høgt respektert kollega, ein sterk talsmann og ein god ven. Samstundes står vi att med stor takksemd for alt Villy var og alt han gav. Våre tankar og djupaste kondolansar går til Vegar, Torgeir, Sonja og den øvrige familien. Vi lyser fred over minnet hans.

    På vegner av kollegaer og vener.

    PDF
    Skriv ut

    Anbefalte artikler