04.09.2017:
Vår gode ven og kollega Hans Ekeland Grønås døde 29. mai 2017, 83 år gamal. Døden kom nok ikkje uventa på han – helsa hadde skranta ei tid. Han klaga ikkje, men var open på at når som helst kunne livsreisa vere slutt. Og han gjekk med frimot døden i møte. Hans vart fødd i Mosterhamn, gjennomførte legestudiet i Oslo og Bergen, hadde turnusteneste i Torsken kommune, vidare i Stavanger og Bodø før han kom til Øre-nese-hals-avdelingen ved Rikshospitalet. Frå 1970 og fram til pensjonsalder har han vore overlege ved Øre-nese-hals-avdelingen i Kristiansand. Han vart raskt kjend som ein dyktig fagmann...