25.06.2013:
Ei raud sjel. Eit vestlandsk flogvit. Intellektuelt undrande og med eit breitt interessefelt. Ikkje revolusjonær, som før. Definitivt ikkje ein åndssnobb, ifølgje seg sjølv, men med eit gnistrande engasjement for dei som er lågast på rangstigen. 61-åringen forsvarte i november i fjor ph.d.-grada si med temaet somatisk sjukdom hjå opiatavhengige før, under og etter LAR-behandling. Same dag som han stiller til dette intervjuet skal han formelt sett verte kreert philosophiae doctor under ein høgtideleg seremoni i Universitetets aula, eit steinkast unna Hotel Bristol, der vi møtest i den klassiske...