Kommentar

Temperatur

Bjørn Gunnar Nedrebø
Overlege
Interessekonflikt:  Nei

Takk for viktig informasjon. Gjennom mange år på indremedisinsk avdeling så er erfaringa som i artikkel, temperaturmåling kan ein lite stole på. Det gir mindre informasjon enn når mormor mi la handa på panna og konkluderte med feber/ ikkje-feber. Det eg savnar i artikkel, er ein konklusjon på kva ein vil tilrå for å ha noko å leggje vekt på. Slik det er no, kan det i mange tilfelle føre til feilbehandling. Tenk på tida då rektaltermometeret låg på alle nattbord med ein vaselinfilm rundt. Det var tider det!

Publisert: 27.04.2026