At pasienten vann over staten i søksmålet om brot på menneskerettane i samband med tvagsmedisinering er oppsiktsvekkjande - og burde ha ført til kritisk sjølvrefleksjon i psykiatrilauget. Diverre er det mindre oppsiktsvekkjande at det viktigaste Lien (leiar i psykiatriforeininga) og Bjørke (rådgjevar for foreininga) ser ut til å ha lært av dommen, er at ein kan halde fram som før, berre passe litt betre på reglane. Om ein skjønar seg på undertekst, er bodskapen i innlegget deira at jussen helst ikkje bør blande seg opp i psykiatrien (som dei har lite greie på). Går ein for langt, kan ein risikere at pasientar utan samtykkekompetanse går glipp av «evidensbasert behandling», heiter det. Dette ny-ordet tilslører at «dokumentert verknad» på gruppenivå kan innehalde svært negative verknadar på individnivå. Om lobotomi i si tid hadde blitt vurdert i eit RCT-design er det store sjansar for at metoden hadde blitt omtalt som evidensbasert. Lobotomi vart aldri forbode – difor vart den fyrst endeleg avvikla i 1974. Om jussen hadde gripe inn før hadde mange liv vorte spart. Historia viser at det er psykiatrien som stadig vekk har gått for langt.
Psykiatriens sjølforsvar