Sidan 2009 har eg primært arbeidd med pasientar som er nytilviste til psykisk helsevern, først i ambulant akutteam (AAT), frå 2022 i tidleg avklaringsteam (TA) knytt til allmennpoliklinikk. Mange av dei som vert viste til vurdering har vore i kontakt med psykisk helsevern tidlegare. Ein sentral del av førebuinga til det første pasientmøtet har difor vore å gå gjennom tidlegare journalnotat.
Attåt dette har eg hatt nokre titals oppdrag som sakkunnig for Statsforvaltaren. I dette arbeidet har eg lese alt tilgjengeleg journalmateriale knytt til den aktuelle pasienten, slik det er gjort i arbeidet med den aktuelle artikkelen (1). (ref 1)
Det inntrykket som har festa seg hos meg samsvarar med funna artikkelforfattarane har gjort. Svært mange av dei pasientjournalane eg har lese inneheld ei svær mengd tekst, med mange repetisjonar. Mykje oppstår openberrt knytt til tekstbehandlingsfunksjonen «klipp og lim». Urette opplysningar vert vidareførte, til og med ortografiske feil vert gjentekne gong etter gong. Tidlegare journal vert soleis ofte ein mindre god reiskap i førebuinga til eit pasientmøte enn den kunne og burde ha vore.
Ved omfattande kopiering av andre sin tekst vil pasienten sine eigne opplysningar ikkje bli internaliserte hos behandlaren som møter pasienten. I sin tur vil dette gje behandlaren eit svakare grunnlag for å forstå pasienten og problemstillinga hans, og slik svekke grunnlaget for å gje god helsehjelp.
I AAT og TA har arbeidet vore organisert slik at to behandlarar har møtt pasienten i lag. Vi har lagt stor vekt på arbeidet med journalnotata i etterkant. Ein av behandlarane har laga eit utkast, den andre har gått gjennom utkastet og kome med innspel til revisjon før korrekturlesing og endeleg godkjenning. Slik har vi i vår samanhang hatt ein prosess kring journalskrivinga der vi har lært av kvarandre. Og vi har gjensidig sikra kvaliteten på journalnotata, og truleg blitt flinkare journalskrivarar.
I tillegg har erfaringa vore at det å integrere journalskrivinga i arbeidet rundt pasienten også har bidrege til at vi kontinuerleg oppdaterar, nyanserar og utviklar kasusformuleringar og narrativ om pasienten sin tilstand og årsaken til dei psykiske plagene. Dette vil kunne utvide val av tiltak som kan vere nyttige for pasienten (2).
Frå 2026 har vi teke i bruk KI for å generere journalnotat. Inntrykket mitt så langt er gjennomgåande positivt. Vi er nær å få den «automatiserte journalskrivinga» som artikkelen omtalar som eit framstidsscenario på 60-talet. Men opplysningane i den KI-genererte journalen blir ikkje internaliserte av behandlaren på same viset som når ein sjølv skriv eit notat.
Ein vesentleg del av krafta i psykoterapeutisk arbeid ligg i at pasienten opplev seg sett, høyrt og forstått. Dette kan KI aldri gje oss.
Litteratur: 1. Aaslestad P, Bakke MCA, Ringen PA, Hem E. Pasientens stemme og skriverens rolle i pasientjournaler i psykisk helsevern. Tidsskr Norsk Legeforen 2026; 146. doi: 10.4045/tidsskr.24.0685. 2. Holgersen KH, Holte IR, Gluppe E et al. Tidlig avklaring: ny tilnærming for vurdering og planlegging av behandling i poliklinisk psykisk helsevern. Tidsskr Norsk Psykologforen 2021;58:10.
Pasientjournalar i psykisk helsevern
Sidan 2009 har eg primært arbeidd med pasientar som er nytilviste til psykisk helsevern, først i ambulant akutteam (AAT), frå 2022 i tidleg avklaringsteam (TA) knytt til allmennpoliklinikk. Mange av dei som vert viste til vurdering har vore i kontakt med psykisk helsevern tidlegare. Ein sentral del av førebuinga til det første pasientmøtet har difor vore å gå gjennom tidlegare journalnotat.
Attåt dette har eg hatt nokre titals oppdrag som sakkunnig for Statsforvaltaren. I dette arbeidet har eg lese alt tilgjengeleg journalmateriale knytt til den aktuelle pasienten, slik det er gjort i arbeidet med den aktuelle artikkelen (1). (ref 1)
Det inntrykket som har festa seg hos meg samsvarar med funna artikkelforfattarane har gjort. Svært mange av dei pasientjournalane eg har lese inneheld ei svær mengd tekst, med mange repetisjonar. Mykje oppstår openberrt knytt til tekstbehandlingsfunksjonen «klipp og lim». Urette opplysningar vert vidareførte, til og med ortografiske feil vert gjentekne gong etter gong. Tidlegare journal vert soleis ofte ein mindre god reiskap i førebuinga til eit pasientmøte enn den kunne og burde ha vore.
Ved omfattande kopiering av andre sin tekst vil pasienten sine eigne opplysningar ikkje bli internaliserte hos behandlaren som møter pasienten. I sin tur vil dette gje behandlaren eit svakare grunnlag for å forstå pasienten og problemstillinga hans, og slik svekke grunnlaget for å gje god helsehjelp.
I AAT og TA har arbeidet vore organisert slik at to behandlarar har møtt pasienten i lag. Vi har lagt stor vekt på arbeidet med journalnotata i etterkant. Ein av behandlarane har laga eit utkast, den andre har gått gjennom utkastet og kome med innspel til revisjon før korrekturlesing og endeleg godkjenning. Slik har vi i vår samanhang hatt ein prosess kring journalskrivinga der vi har lært av kvarandre. Og vi har gjensidig sikra kvaliteten på journalnotata, og truleg blitt flinkare journalskrivarar.
I tillegg har erfaringa vore at det å integrere journalskrivinga i arbeidet rundt pasienten også har bidrege til at vi kontinuerleg oppdaterar, nyanserar og utviklar kasusformuleringar og narrativ om pasienten sin tilstand og årsaken til dei psykiske plagene. Dette vil kunne utvide val av tiltak som kan vere nyttige for pasienten (2).
Frå 2026 har vi teke i bruk KI for å generere journalnotat. Inntrykket mitt så langt er gjennomgåande positivt. Vi er nær å få den «automatiserte journalskrivinga» som artikkelen omtalar som eit framstidsscenario på 60-talet. Men opplysningane i den KI-genererte journalen blir ikkje internaliserte av behandlaren på same viset som når ein sjølv skriv eit notat.
Ein vesentleg del av krafta i psykoterapeutisk arbeid ligg i at pasienten opplev seg sett, høyrt og forstått. Dette kan KI aldri gje oss.
Litteratur:
1. Aaslestad P, Bakke MCA, Ringen PA, Hem E. Pasientens stemme og skriverens
rolle i pasientjournaler i psykisk helsevern. Tidsskr Norsk Legeforen 2026; 146. doi: 10.4045/tidsskr.24.0685.
2. Holgersen KH, Holte IR, Gluppe E et al. Tidlig avklaring: ny tilnærming for vurdering og planlegging av behandling i poliklinisk
psykisk helsevern. Tidsskr Norsk Psykologforen 2021;58:10.